Ringheim Kafé og Catering

Org. nr 981474406

Ringheim Kafé tilbyr catering på Voss med ekte matglede, kortreiste råvarer og lokaler som passar til alt frå intime selskap til store arrangement.

Enten du planlegg bryllup, konfirmasjon, dåp, firmafest eller eit privat lag, står vi klare til å skape ei minnerik oppleving for deg og dine gjester. Vi har eit breitt utval mat som kan kombinerast etter behov.

  • Tapas og fingermat – Variert, smakfullt og perfekt til festar
  • Koldtbord – Klassiske rettar til både små og store lag
  • Middagsservering – Alt frå lokale tradisjonsrettar til moderne rettar
  • Snittar og kanapéar – Lett og elegant servering til møte og mottakingar
  • Kaker og dessertar – Heimelaga og alltid populære

Om Ringheim Kafé og Catering

Ringheim Kafé og Catering er et cateringfirma på Voss.

Vi er ein lokal møteplass på Voss med lange tradisjonar innan mat, gjestfridom og arrangement. Hjå oss får du ferske rettar laga med omtanke – alt frå enkle lunsjar og tapas til komplette middagsmenyar og festmåltid.

Vår visjon er enkel: Du skal kunne nyta dagen medan vi tar oss av maten. Med oss får du ein trygg samarbeidspartnar som gjer alt for at arrangementet ditt skal bli vellykka, uansett storleik.

Tjenester

Vi leverer catering til alle anledningar – små som store. Vi har lang erfaring frå både private selskap og større arrangement, og veit kor viktig maten er for stemninga. Med oss kan du vere trygg på at gjestene dine får servert god, heimelaga mat laga av ferske og kortreiste råvarer.

  • Bryllup
    Ein bryllupsdag skal vere uforgløymeleg. Vi skreddarsyr menyar tilpassa brureparet sine ynskje – frå elegante tre-rettars middagar til uformelle tapasbuffetar. Våre kokkar og servitørar sørger for at alt går knirkefritt, slik at de kan fokusere på å nyte dagen.
  • Konfirmasjon og dåp
    Tradisjonelle retter, tapas eller moderne smakar – du bestemmer. Vi har lang erfaring med catering til konfirmasjonar og dåp på Voss, og veit korleis vi legg til rette for ein minnerik dag for både familie og gjester.
  • Firmafest og julebord
    Skal bedrifta samle dei tilsette til ein fest, julebord eller eit større arrangement? Vi leverer alt frå lette fingermatmenyar til komplette buffetar. Lokala våre kan òg nyttast til større samlingar, med både matservering og skjenkebevilling.
  • Private selskap
    Bursdag, jubileum eller vennefest – vi tilpassar maten etter tema og budsjett. Frå små koldtbord til tapas eller festmiddag – vi gjer det enkelt å skape ei god ramme rundt feiringa.
  • Minnestund
    Vi veit at ein minnestund krev ro, verdigheit og respekt. Vi tek oss av maten og serveringa slik at familien kan konsentrere seg om det som er viktig. Her tilbyr vi enkle løysingar med alt frå snittar og kaker til varm mat.

Her finner du oss:

Adresse: Vangsgata 32, 5700 VOSS.

Kontakt Ringheim Kafé og Catering

Hos Ringheim Kafé og Catering har vi rask responstid, og vi er alltid ​tilgjengelige for å svare på dine spørsmål.

Kvifor velje Ringheim Kafé?

  • Lokal mat laga med kortreiste råvarer
  • Erfaring med alt frå små selskap til store arrangement
  • Lokaler med sjel – frå intime rom til store saler
  • Skreddarsydde løysingar og personleg service
  • Du kan kome til «duk og dekka bord»

Nyttige linker

Våre lokaler

I tillegg til catering tilbyr vi flotte selskapslokaler:

  • Ole Bull Akademiet – Historiske og stemningsfulle lokale med plass til både små og store selskap. Her er òg 17 rom til overnatting.
  • Bømoen Leir – Kapasitet for større grupper, med opptil 270 sengeplassar. Perfekt for store arrangement og firmaevent.
  • Ringheim Kafé – Eigna for mindre selskap som dåp, konfirmasjon eller konsertar (kapasitet: 60 gjester).


Alle lokale kan leigast med servering, pynting og skjenkebevilling.